God tone mellom kommunane på felles kommunestyremøte

Møte: Måndag og tysdag samla politikarar og byråkratar i nye Ullensvang seg til felles kommunestyremøte i Rosendal.Foto: Privat

Møte: Måndag og tysdag samla politikarar og byråkratar i nye Ullensvang seg til felles kommunestyremøte i Rosendal.Foto: Privat

Måndag og tysdag møttest kommunestyrepolitikarar, og medlem frå administrasjonane til kommunestyremøte med fokus på å bli betre kjent i Rosendal.

DEL

– Det var god stemning mellom kommunane som frå 2020 skal gå saman i nye Ullensvang kommune. På programmet stod fleire tema som vil bli viktige framover for Ullensvang kommune, skriv rådmann i Odda og påtroppande rådmann og prosjektleiar for nye Ullensvang Ole-Jørgen Jondahl i ein mail til HF.

Til saman 65 representantar frå administrasjonane og kommunestyra, pluss den mellombelse prosjektleiaren i nye Ullensvang kommune, deltok på møtet på Rosendal fjordhotell.

Der var det mellom anna lagt opp til at representantane frå dei ulike kommunane skulle bli betre kjent med kvarandre, samt spørsmål som korleis skape ein livskraftig og attraktiv kommune.

Artikkeltags