Følg folkeavrøystinga her

Arthur Fjetland sa i dag nei til samanslåing for Eidfjord. - Det finst argument for samanslåing, men det kunne vore fleire klare og tydelege argument for. Eg vil ha meir kjøt på beinet på avtalane, sa han.

Arthur Fjetland sa i dag nei til samanslåing for Eidfjord. - Det finst argument for samanslåing, men det kunne vore fleire klare og tydelege argument for. Eg vil ha meir kjøt på beinet på avtalane, sa han. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I dag får innbyggjarane i Odda, Ullensvang, Jondal og Eidfjord seie kva dei meiner om kommunesamanslåing.

DEL

23. mai er ein historisk dag i Hardanger, og lokalavisa vil sjølvsagt følgja folkeavrøystinga tett.  Vi har reporterar i både Odda, Eidfjord og Ullensvang, og vil oppdatera lesarane på nett.

Vi vil og vera til stades på Hotel Ullensvang saman med mellom anna fleire ordførar og NRK.  Dette vil verta steama live, og ein kan følgja sendinga på www.hardanger-folkeblad.no.

Ullensvang vil først telja sine røyster tysdag.

Trond Instebø, som var i vallokalet på Lofthus, fortel om ein jamn straum av folk, og toppen var rundt halv fire.  Då var det kø og litt ventetid.

Om du har tips eller innspel kan du sjølvsagt ta kontakt med oss på redaksjon@hardanger-folkeblad.no.

Tips Oss
TIPS: Send e-post , SMS/MMS: kodeord TIPSHAF + tekst/bilde til 2470, Telefon: 53 65 06 00

Artikkeltags