Vil laga bubilcamp i Kinsarvik

Illustrasjonsfoto av bubilar

Illustrasjonsfoto av bubilar Foto:

DEL

I samband med Landsfestivalen for gamaldansmusikk i Kinsarvik, frå 7. til 11. august, søkjer Leif Rune Krogh Hus Ullensvang herad om løyve og tilskot til etablering av midlertidig festivalcamp for bubilar og campingvogner på Kvernebrekka i Kinsarvik.

– Etter ynskje frå Ullensvang herad har eg sett på moglegheita for å etablera ein midlertidig festivalcamp på min eigedom ved Kvernebrekka på Huse i Kinsarvik, skriv Krogh Hus.

Eit området på ca. 1,8 mål vart nyleg fylt ut i samband med oppgradering av fylkesveg 108 Husevegen.

Området har plass til ca. 15 bubilar eller campingvogner når ein fylgjer krava til avstand, går det fram av søknaden.

Det er i søknaden skissert samla utgifter med etablering og drift på 70.000 kroner og forventa inntekt på 18.000 under festivalen.

Plassen skal drivast av Huse Gjestegard AS, som skal stå for booking og betalingsløysingar.

– Ei økonomisk støtte er avgjerande for realisering av campen, og at ein får løyve til å driva vidare heile sesongen 2019, formidlar søkjar.

Artikkeltags