No kan det bli slutt på brøyting av private vegar i Jondal

Snø: Måndag skal politikarane ta stilling til om Jondal kommune skal tilby å brøyte private vegar i slikt vêr neste år. Arkiv: Synnøve Nyheim

Snø: Måndag skal politikarane ta stilling til om Jondal kommune skal tilby å brøyte private vegar i slikt vêr neste år. Arkiv: Synnøve Nyheim

Måndag skal plan- og driftsutvalet i Jondal ta stilling til om kommunen skal halde fram med å brøyte private vegar.

DEL

– Ein vurderer at dette krev mykje administrasjon av teknisk eining. Ved å seie opp avtalen, vil ein redusere arbeidet til teknisk eining i ein periode med stort forventa arbeidspress, heiter det i rådmannen si vurdering.

Jondal kommune er den einaste av kommunane, som frå 2020 skal bli Ullensvang, som tilbyr brøyting for private i samband med brøyting av kommunale vegar.

– Dette er ikkje ei lovpålagt teneste, men noko kommunen tilbyr for å forenkle arbeidet for brøytarane, samt å unngå samanblanding av arbeid utført for kommunen og private.

Rådmannen rår utvalet til å gi han fullmakt til å seie opp avtalane. Dersom avtalane blir sagt opp, vil ikkje kommunen tilby brøyting for private neste vinter.

Artikkeltags