Småkraftverket i Jondal fekk mate berre 2 MW av kapasiteten på 5,4 MW inn på nettet til Statnett. Årsaka var risiko for å overbelaste nettet, skriv Teknisk Ukeblad.

Først etter halvtanna års drift fekk kraftverket levere all krafta som vart produsert. For eigaren, Nordic Power Torsnes, innebar den avkorta leveringa eit bruttotap på over 5 millionar kroner, ifølgje bladet.

Oslo tingrett gav saksøkjaren rett i at Statnett var avtalerettsleg forplikta til å sørgje for at kraftverket fekk levert heile produksjonskapasiteten frå starten av. Dermed må altså statsføretaket betale Torsnes Kraftverk 4 millionar kroner i erstatning.