Brakkerigg klar midt i januar

Jondal Skule.

Jondal Skule.

DEL

I førre veke kom brakkeriggen som skal huse undervisninga av elevane ved Jondal skule, medan skulebygninga blir rehabilitert.

Oppgraderinga av skulebygginga er fase to i renovasjonen som til saman skal koste over 100 millionar.

I eit brev til alle føresette datert 29. november, skriv rektor Sarah Marie Røstbø ved Jondal skule, at arbeidet med brakkeriggen vil starte i veke 49, og gå føre seg fram til midten av januar.

Artikkeltags