Prosjektleiar Jondahl til Jondal

Ole-Jørgen Jondahl:arkivfoto

Ole-Jørgen Jondahl:arkivfoto

DEL

Ole-Jørgen Jondahl, prosjektleiar i Ullensvang kommune, kjem torsdag kveld til Jondal for å møte representantar frå frivillige lag, foreiningar og einskilde frivillige i kommunen. Det er Jondal Frivilligsentral som arrangerer kurs.

«Kveldens program er todelt. Først skal Ole-Jørgen Jondahl, prosjektleiar og rådmann i Ullensvang kommune bl.a. snakke om korleis frivilligheita skal organiserast i den nye kommunen. Deretter vert det fokus på styrearbeid og korleis eit styre skal drive framtidsretta bygging av foreininga», skriv arrangøren i ei pressemelding.

Møte vil finne stad i Jondal Bedehus.

Artikkeltags