Fleire køyrde for fort i Jondal

UP hadde laserkontroll i Jondal tysdag kveld.

DEL

Kontrollen var i sjutida på kvelden, i 50-sona.

– Der vart det gitt tre forenkla førelegg, fortel etterforskingsleiar i Hardanger, Paul Henriksen.

Høgste fart var 60 kilometer i timen.

27 førarar vart og kontrollerte for rus, det gav ingen utslag.

Same kveld hadde UP ein kontroll i Odda sentrum.

– Den gjaldt promille og bruk av setebelte. 25 kontrollerte, ingen utslag, opplyser Henriksen.

Artikkeltags