Bil sklei av vegen i morgontimane

Det melder politioverbetjent Øystein Torsnes ved Hardanger lensmannskontor

DEL

Det var klokka 06.20 torsdag morgon at politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrd ut i ein sving rett før Jondal på fylkesveg 107.

- Føraren var åleine i bilen og det var ikkje behov for ambulanse. Bilen hadde store skadar og måtte tauast inn, fortel Torsnes.

Større køyretøy hadde noko problem med å kome seg forbi ulykkesstaden, og bussar vart litt forseinka.

- Me var på staden og vurderer å opne trafikksak. Det er ikkje heilt avgjort enda.

Politiet har elles fått ein del meldingar om glatte vegar i distriktet.

Artikkeltags