Fekk dekka utgifter

Hotel Ullensvang: Njåstad opplyser at han diskuterte kommunesamanslåing med Edmund Utne og Einar Lutro.

Hotel Ullensvang: Njåstad opplyser at han diskuterte kommunesamanslåing med Edmund Utne og Einar Lutro. Foto:

Frp-toppen feira mora sin 60-årsdag på Hotel Ullensvang. NRK melder at kilometergodtgjersle og diett vart refundert av Stortinget grunna møter.

DEL

Det var i august 2016 at familien Njåstad samla seg på Ullensvang Hotell for å feira 60-årsdagen til politikaren Helge André Njåstad si mor. Den siste tida har Frp-toppen fått merksemd grunna reiserekningar, og NRK melder no at han vart refundert for 2842 kroner frå Stortinget i samband med bursdagshelga

Bakgrunn: NRK: Helge André Njåstad (Frp) kombinerte familieturer til flotte hoteller med jobbmøter på Stortingets regning

På Reis: Helge André Njåstad.

På Reis: Helge André Njåstad. Foto:

«Mens familien Njåstad feirer bursdag, fremgår det av en reiseregning Helge André Njåstad leverer til Stortinget at han er på jobbreise til Ullensvang for møter med det lokale næringslivet om kommunereformen. En av dem han møter, er direktøren på hotellet der feiringen finner sted», skriv NRK.

Njåstad svarar at han held seg til Stortingets regelverk, og at han meiner alle reiser er tenestereiser dersom dei ikkje er heilt private.

Artikkeltags