Han er innstilt som fylkesrådmann for det nye storfylket

INNSTILT: Rune Haugsdal er noverande fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune. han er innstilt som prosjektleiar/fylkesrådmann i det nye storfylket.

INNSTILT: Rune Haugsdal er noverande fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune. han er innstilt som prosjektleiar/fylkesrådmann i det nye storfylket. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Rune Haugsdal innstilt som prosjektleiar/fylkesrådmann i storfylket på Vestlandet.

DEL

Rune Haugsdal er av tilsetjingsutvalet samrøystes innstilt som prosjektleiar for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar og som ny fylkesrådmann i det nye vestlandsfylket.

Det kjem fram av ei pressemelding, skriv Firda.

Endeleg tilsetting skjer i fellesnemnda for samanslåing av dei to fylka fredag 4. mai.

Tilsetjingsutvalet har hatt fleire arbeidsmøte, og la måndag fram ei samrøystes innstilling. Tilsetjingsutvalet er samansett av 10 personar, åtte politikarar, fire frå kvart fylke og to tillitsvalde. Leiar av tilsetjingsutvalet er fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland.

– Det er viktig for den vidare samanslåingsprosessen at vi får på plass ein prosjektleiar. Dette er ei viktig stilling i arbeidet med å forme det nye storfylket på Vestlandet. No blir innstillinga sendt til fellesnemnda som tek den endelege avgjersla på fredag, seier Anne Gine Hestetun.

Rune Haugsdal (58) er i dag fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune.

Artikkeltags