Stor auke i lærlingkontraktar i Hordaland

ILLUSTRASJONSFOTO: Methawi Khaokaeo er sveiselærling og trivst godt.

ILLUSTRASJONSFOTO: Methawi Khaokaeo er sveiselærling og trivst godt.

Av

Hordaland fylkeskommune har lukkast i aukei talet på lærlingar kraftig. Resultata i Hordaland vekker nasjonal oppsikt, og andre fylkeskommunar står i kø for å prøve ut tiltaka, melder fylkeskommunen.

DEL

– Vi er stolte og krye. Dette er ei suksesshistorie, seier fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun i ei pressemelding.

Prosjektet «Auka gjennomføring – fleire ut i lære», som Hordaland fylkesting sette i gang i 2016, har gitt gode resultat. Fylkeskommunen melder at talet på elevar som går frå vidaregåande skule i Hordaland til læreplass, har auka frå cirka 4400 i 2016 til vel 5200 i 2019.

Samtidig har elevtalet vore om lag stabilt. Nokre skolar har hatt ein auke i dei som går frå vg2 yrkesfag til læreplass, frå rundt 40 prosent i 2016 til 80 til 90 prosent i år.

– Vi har fått til eit tettare og betre samarbeid mellom skolane og bedriftene. Vi har fått tilpassa opplæringa meir etter det bedriftene ønsker. Seks vidaregåande skolar har vore med i prosjektet. No ønsker vi å vidareføre resultatet til alle dei vidaregåande skolane i Vestland, seier Hestetun, og legg til at dei har ein ambisjon om å vere det leiande fylket i landet på gjennomføring og lærlingplassar.

Blant tiltaka som er sett inn, er eigne yrkesfaglege koordinatorar som har følgt opp elevane tett, og eit eige lærlingplassrekneskap som følger kvar elev heile vegen mot læreplass. Faget yrkesfagleg fordjuping er utvikla til å bli meir tilpassa behovet i bedriftene, skriv fylkeskommunen.

Artikkeltags