Duka for kamp om fylkesnamn

- Eg ser ikkje bort frå at kommunesamanslåingane kan føra til strid om namna på dei nye kommunane, seier seksjonsleiar Daniel Ims i Språkrådet, som rår kommunane til å starta tidleg med desse diskusjonane.

- Eg ser ikkje bort frå at kommunesamanslåingane kan føra til strid om namna på dei nye kommunane, seier seksjonsleiar Daniel Ims i Språkrådet, som rår kommunane til å starta tidleg med desse diskusjonane. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Regjeringa har varsla innstilling om nye fylkesnamn i vår, slik at Stortinget kan gjere endelege vedtak før sommaren. Da kan Vestlandet ende opp som Bjørgvin.

DEL

Språkrådet har argumentert mot dei tre fylkesnamna, men utan å komme med bastante motforslag. Debatten går, og Noregs Mållag har bedt kommunalminister Monica Mæland (H) skunde seg, slik at dei foreslåtte namna ikkje får feste.

– Vi er spente på behandlinga av fylkesnamna, seier seksjonssjef Daniel Ims i Språkrådet.

For det er langt frå sikkert at Mæland høyrer på Språkrådet. Tidlegare i år trassa regjeringa innvendingane frå fagorganet da dei vedtok kommunenamna Fjord (Norddal og Stordal) og Sunnfjord (fire av dei sju kommunane i Sunnfjord). Lokaldemokratiet måtte gå føre, meinte regjeringa.

Men dei fleste av dei 47 nye kommunane har fått namn som Språkrådet synest er gode, til dømes Ålesund (Ålesund, Sandøy, Skodje, Ørskog og Haram), Indre Fosen (Rissa og Leksvik), Bjørnafjorden (Os og Fusa) og Senja (Tranøy, Lenvik, Torsken og Berg).

Blir høyrde

Om ikkje alltid, så blir som regel fagorganet høyrt når dei uttaler seg, ifølgje Ims.

– Ja, som regel blir vi høyrde, men dei sakene er kanskje ikkje så interessante for media. Det er mange namneval vi ikkje har vore direkte inne i. Trondheim og Klæbu får til dømes namnet Trondheim, men det er òg heilt i tråd med dei generelle råda våre, seier Ims.

– Vi har gitt generelle råd om namngiving av kommunar, men ein del kommunar har òg tatt kontakt med oss for å få råd. Og så har vi òg gitt ei formell tilråding der kommunane har komme fram til eit nytt namn eller eit namn det er usemje om.

Ulikt kommunenamna har Språkrådet vore involvert i alle dei nye fylkesnamna på ein eller annan måte. Mens regjeringa sjølv godkjenner nye kommunenamn, må det ei endring i bispedømme- og fylkeslova til for å endre namn på eit fylke. Dermed er det Stortinget som i siste hand må vedta dei nye fylkesnamna.

Problemnamna

For fire av dei sju nye fylka er namnevalet uproblematisk. Alt taler for at dei blir heitande Agder, Trøndelag, Vestfold og Telemark, og Troms og Finnmark, slik fylkestinga sjølve har vedtatt. Trøndelag er alt vedtatt og har vore eitt fylke sidan nyttår.

Dei tre andre namneforslaga har Språkrådet kommentert slik:

* Vestlandet/Vestland: Dekkjer berre to av dei fire fylka som i dag utgjer landsdelen Vestlandet. Meir aktuelt om eitt eller helst begge dei to andre blir med. Tradisjonelle namn som dekkjer det aktuelle området godt, er Bjørgvin, Bergenhus eller Gula.

* Viken: Namnet, som er henta frå Snorres kongesoger, svarer berre delvis til det nye storfylket, som strekkjer seg frå Oslofjorden til Hardangervidda. Namnet bør i alle fall ha form i tråd med talemålet i området, meiner Språkrådet, altså Vika.

* Innlandet: Språkrådet har peika på at namnet ikkje har tradisjonar, og at innland i vanleg språkbruk har ei meir generell meining. Dei to fylka har før i historia hatt fellesnamnet Opplanda, som Språkrådet meiner er eit betre namn. Sjølv om Innlandet har etablert seg som samlenamn på dei to fylka, er namnet Oppland og Hedmark òg betre enn Innlandet, meiner Språkrådet.

Gir berre råd

Daniel Ims strekar under at Språkrådet ikkje har noko formelt ansvar for val av fylkesnamn, men berre gir råd.

– Vi har eit generelt ansvar for å følgje opp språkpolitikken, men etter dei lovene som gjeld for namnesetjing av kommunar og fylke, har ikkje Språkrådet noka direkte rolle. Lov om stadnamn gjeld vern av stadnamn i Noreg, men er i dette tilfellet meir ei overordna lov. Val av kommunenamn og fylkesnamn blir regulert i andre lover, seier Ims.

Når det blir så pass mykje strid om nye fylkes- og kommunenamn, så har det kanskje òg litt å gjere med at ein del av forslaga har merkevarepreg?

– Ja, det er ein del namn av den typen. Enkelte kommunar har valt namn som har ein positiv klang på ein eller annan måte. Det var til dømes tilfellet med Færder som namn på Nøtterøy og Tjøme, der Færder er eit heilt perifert stadnamn i den nye kommunen, men eit namn med ein positiv, nasjonal klang.

Båtnamn og identitet

– Da Oppegård og Ski snakka om å ta kommunenamnet Fram, var det kanskje eit ekstremt utslag av dette. Det er jo ikkje eit stadnamn i det heile, men eit båtnamn.

Fjord er kanskje litt i same sjangeren?

– Det har vore innvendinga vår mot det namnet, at det ikkje er noko stadnamn i det heile. Det finst som ledd i mange stadnamn, men det er ingen stader i den kommunen eller andre stader som heiter Fjord.

Og topografisk kan det vel vere mange stader?

– Ja, nettopp, det er ein tendens. Ein kan ane at Hordaland og Sogn og Fjordane tenkjer i dei banane når dei vil ha Vestlandet som fylkesnamn. Det er det ein identitet knytt til, mens det er vanskelegare å få ein samlande identitet knytt til andre namnekandidatar. Og så bryr dei seg ikkje så mykje om at også andre har identitet knytt til det namnet, seier Ims.

(Fakta) Dei nye fylkesnamna (alternativ)

* Vestlandet/Vestland (Bjørgvin, Bergenhus, Gula o.fl.): Hordaland og Sogn og Fjordane

* Viken (Vika): Buskerud, Akershus og Østfold

* Innlandet (Opplanda, Oppland og Hedmark): Oppland og Hedmark

* Troms og Finnmark

* Vestfold og Telemark

* Agder: Vest-Agder og Aust-Agder

* Trøndelag: Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag (slått saman frå 1. januar 2018)

* Møre og Romdal

* Rogaland

* Oslo

* Nordland

Artikkeltags