I Hordaland finn ein både dei minste gardane og dei gardane som har vakse minst

Illustrasjonsfoto frå Lofthus.

Illustrasjonsfoto frå Lofthus. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Gjennomsnittsgarden har vakse med 65 dekar sidan 2003. I fjor hadde bonden ein gard på 244 dekar i snitt.

DEL

Gjennomsnittsgarden i Noreg har vakse:Det skriv avisa Nationen og viser til tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Dei største gardane finn ein i Oslo og Akershus. Gardane der hadde eit snitt på 367 dekar i fjor. Det fylket med størst vekst sidan 2003 er Hedemark. Der har gardane vakse med 107 dekar i snitt sidan 2003.

I Hordaland finn ein både dei minste gardane og dei gardane som har vakse minst. I fjor var ein gard i Hordaland på 132 dekar i snitt. Det er 31 dekar meir enn i 2003.

Også Sogn og Fjordane har små gardar. Her var snittgarden på 149 dekar i fjor. Gardane der har vakse med 39 dekar sidan 2003.

Artikkeltags