Her er folkejuryen sine ti favorittfylkesvåpen

FAVORITTAR: Desse ti er folkejuryen sine favorittar. Onsdag skal fagjuryen presentere sine og snart kan også du stemme fram kva du meiner bør vere det nye fylkesvåpenet.

FAVORITTAR: Desse ti er folkejuryen sine favorittar. Onsdag skal fagjuryen presentere sine og snart kan også du stemme fram kva du meiner bør vere det nye fylkesvåpenet.

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein folkejury har plukka ut sine ti favorittar, snart skal ein fagjury og du få seie kva som bør bli det nye fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane og Hordaland.

DEL

Når Sogn og Fjordane og Hordaland blir eitt fylke frå 1. januar 2020 må det også ha eit nytt fylkesvåpen. No er ti personar frå begge fylka samla i ein folkejury for å vere med å stemme fram eit slikt fylkesvåpen. Det skriv Firda.no.

– Det er utruleg kjekt å vere med på å skape historie, seier folkejurymedlemane frå Hordaland og Sogn og Fjordane som har samla seg om ti favorittfylkesvåpen.

Måtte velje blant 667 motiv

Det har kome inn 667 motiv som juryen kunne velje frå. Fleire av forslaga gjekk igjen som favoritt, medan resten måtte juryen stemme over.

–  Vi er svært glade for det store engasjementet som folk viser for det nye fylkesvåpenet, seier Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

– Talet på innsendte forslag var over all forventing. Mange har også ønskt å vere med i folkejuryen. Dermed kunne vi setje saman ei gruppe med medlemar frå heile det nye fylket, seier han.

Du kan stemme fram din favoritt

Onsdag vil ein fagjury presentere sine ti favorittmotiv og då opnar også nett-avstemminga der folk kan taste fram sin favoritt.

Då opnar og nettavstemminga der du kan taste fram di favoritt.

Kristian Endal (21) frå Måløy melde seg til folkejuryen fordi han synest det er viktig at yngre engasjerer seg, mens Susan Abdallah(40), som har budd i Norge og på Stord i ti år, melde seg fordi det er viktig for å vise at det ikkje er umogleg for innvandrarar å komme inn i det som har med samfunnet å gjere.

Etter eit miniforedrag om heraldikk, som er veten om våpenskjold, presenterte jurymedlemane sine fem favorittar for kvarandre.

–   Desse har no peikt ut symbol som er samlande, typiske og varige og som går vidare til nettavstemminga! Det er berre å glede seg til den vidare prosessen, seier Ekerhovd i pressemeldinga.

Denne saka er henta frå Firda.no.

Artikkeltags