Ti innbyggjarar får vera med på historisk markering av nye Vestland fylke

– Markeringa av det første fylkestinget for Vestland er ei historisk hending, seier fylkesordførar i Hprdaland, Anne Gine Hestetun.

– Markeringa av det første fylkestinget for Vestland er ei historisk hending, seier fylkesordførar i Hprdaland, Anne Gine Hestetun. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det aller første fylkestinget for Vestland skal markerast i Håkonshallen i Bergen 15. oktober. Ti innbyggjarar i fylket får moglegheita til å vere med.

Det er sett av nokre plassar som skal representere innbyggjarane i det nye storfylket under markeringa av det første fylkestinget i Vestland. Men fordi det er avgrensa med plass i Håkonshallen, får berre ti heldige innbyggjarar vere med, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune på nettsidene sine.

For å fordele desse plassane, må alle som er interesserte sende ein e-post med namn, folkeregistrert adresse og telefonnummer. Dei ti plassane vert delt ut ved loddtrekning. Dei heldige får reisa til og frå Bergen dekka, så sant ein bur innanfor fylkesgrensene til nye Vestland.

– Markeringa av det første fylkestinget for Vestland er ei historisk hending, der representantar frå mellom anna regjering, stortinget, stat, kommunane, frivillige organisasjonar og kulturlivet skal delta. Men det er heilt på sin plass at vi òg får med representantar for innbyggjarane, seier fylkesordføraren i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken