Ber om kunstnarhjelp til ny fylkesordførarkjede

Kva symbol frå Veslandet kjem på det nye fylkesordførarkjedet? På det noverande fylkesordførarkjedet til Hordaland kan du mellom anna skimte Edvard Grieg.

Kva symbol frå Veslandet kjem på det nye fylkesordførarkjedet? På det noverande fylkesordførarkjedet til Hordaland kan du mellom anna skimte Edvard Grieg.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane inviterer profesjonelle kunsthandverkarar eller designarar til å vera med å bestemma korleis ordførarkjeda til nye Vestland kommune skal sjå ut.

DEL

I første omgang skal det vera ei open prekvalifisering der profesjonelle kunstnarar kan vera med, fortel dei to fylkeskommunane i ei felles pressemelding.

Interesserte kunstnarar blir i den samanhengen bedne om å senda inn ei kort grunngjeving om kvifor dei ønskjer å vera med i utforminga og dokumentera tidlegare arbeid.

Slik håpar fylkeskommunane å finna kandidatar til ein lukka konkurranse eller til kunstnarar som kan ta på seg oppdraget direkte.

I utforminga meiner fylkeskommunane det er viktig å få fram kva den nye ordførarkjeda skal symbolisera. Det blir vist til at fylkesordførarane både i Hordaland og Sogn og Fjordane i dag har rikt utsmykka og symboltunge kjeder og at det er viktig å finna fram til eit smykke som representerer Vestland fylkeskommune på ein god måte.

Målet er at den nye kjeda skal vera klar til konstitueringa av det nye fylkestinget i nye Vestland fylkesting i oktober.

I tillegg til ei kjede for den nye fylkesordføraren, skal det også lagast ny møteklubbar for den nye fylkeskommunen.

Artikkeltags