Nesten dobling av flåttvaksiner

Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK.

Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK. Foto:

Av

Ut ifrå tala så langt i år, vil 10.000 nordmenn vaksinere seg mot sjukdommen skogflåttencafelitt i år. Det er nesten dobbelt så mange som i 2018.

DEL

Apotekforeningen ser ein sterk auke i talet på personar som vaksinerer seg mot skogflåttencafelitt (TBE) frå 2016 fram til no. Skogflåttencafelitt er ein infeksjon i hjernen og ryggmergen (sentralnervesystemet) som kjem av virus overført ved flåttbit.

I første halvår 2019 er det seld 17.600 vaksinedosar, det er ein auke på 91 prosent frå 2018. Samanlikna med første halvår av 2016 er det ei tredobling, skriv Apotekforeningen.

Aust-Agder og Vestfold har den høgaste delen vaksinerte. Der har omkring 3 personar pr. 1.000 innbyggjar vaksinert seg. Deretter følgjer Vest-Agder og Telemark.

Størst del vaksinerte finn vi i aldersgruppene 5–15 år og 55–75 år, opplyser Apotekforeningen.

Artikkeltags