Fann lovbrot under tilsyn med Helse Fonna

Helse Fonna har frist til 6. desember å legge fram ein plan for korleis dei skal rette opp tilhøva, etter at fylkesmannen avdekka brot på lov om spesialisthelsetenesta under eit tilsyn ved sjukehuset i Haugesund.