Heradsstyret vedtok å la asbesten liggja i ro på Hauso

Hauso: Heradsstyret fatta måndag vedtak om inneklima. Seinare vil få dei få opp sak om veg på Hauso.

Hauso: Heradsstyret fatta måndag vedtak om inneklima. Seinare vil få dei få opp sak om veg på Hauso. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Heradsstyret hadde inneklima ved Hauso skule på agendaen.

DEL

Heradsstyret fatta, etter ein lang debatt, eit samrøystes vedtak om at ein ikkje skal gjera større tiltak ved skulane før saka om ny skulestruktur på vestsida er avklara i 2018/2019. Dermed skal ein la asbesten som er påvist på Hauso skule få liggja i ro.

Hærverk på Vikebygd skule: – Det har vore full fyr i bosspanna 

Ein vil gjennomføra årlege asbestmålingar i eksponerte rom. Ein skal òg gjennomføra radonmåling og lysmåling. Gunnhild Jaastad (Sp) stilte spørsmål om kor langt ein er komen i prosessen med reguleringsplanar på Hauso og Aga, og om kva som skjer med veg på Hauso.

Rådmannen sa tildelingsbrev til konsulentfirma er sendt ut og at administrasjonen kjem til å ta kontakt med dei ulike prosjektgruppene på vestsida når konsulent er klar.

– Detaljrapport for skredfare på Aga i samband med skule er 99 prosent klar, sa rådmann Steigedal og la til at det er klart at ein kan byggja skule utan ekstra kostnad til skredsikring.

Artikkeltags