52 reaksjonar frå UP

UP hadde i helga kontrollar på E134, Haukeli.

UP hadde i helga kontrollar på E134, Haukeli. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Haukeli:Laurdag hadde UP ein ny kontroll på Haukeli, og i samband med denne melder dei om 52 reaksjonar.

Les og: Fem mista førarkort på Haukeli

Operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt opplyser at det vart beslaglagt seks førarkort, og at høgste hastigheit vart målt til 134 km/t i 80-sona.

– Det vart skrive ut 44 forenkla førelegg, og ein vert meld for ruskøyring. Ein vert og meld for å ha stukke frå kontrollen, fortel Kolltveit.

I tillegg skal tre sjåførar ha fått bot for manglande førarkort. Kontrollen gjekk føre seg frå klokka 13.30 til 21.

Artikkeltags