- Vi meiner nytta overstiger den belastninga dyra vert utsett for

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

GPS-merking av villrein vert kalla dyremishandling, men NINA set no i gang ein ny runde.

DEL

For eit år sidan fann reineigar og turistvert ved Geiteryggshytta, Jan Eira, eit reinsdyr som hadde ein bortimot 14 kilo tung isklump rundt halsen.

Fleire uheldige faktorar gjorde at isklumpen hadde vakse fram på halsbandet med GPS-sender som var festa på dyret, og som mellom anna hindra dyret i å eta.

Bergens Tidende skriv no at Eira vil melda forvaltninga til politiet for dyremishandling.

Les og: Åtvarar mot reinsdyr

Også Anders Vaksdal, som driv Halne Fjellstova, kallar merkinga dyremishandling.

Nytta overstiger belastninga

Det er Mattilsynet som tillet radiomerking av dyr, og seksjonssjef Gunnar Gunnarsson avviser overfor avisa at det er snakk om dyremishandling.

– Då ville vi aldri tillate dette. Vi meiner nytta overstiger den belastninga dyra vert utsett for, svarar Gunnarsson.

Samstundes melder Norsk institutt for naturforskning (NINA) at dei no startar ein ny runde med merking av villrein i Nordfjella, Setesdalsheiene og på Hardangervidda.

«Forskningen skal gi svar på en rekke viktige problemstillinger. På Hardangervidda har det lenge vært utfordringer med å tilpasse antall dyr som skytes under jakta med veksten i bestanden. For mange dyr på vidda i forhold til tilgjengelig mat kan føre til at reinen sulter. Forvaltningen ønsker derfor en bedre oversikt over bestanden, blant annet for å kunne teste forbedrende tiltak,» forklarar Olav Strand, seniorforsker i NINA på deira heimesider.

Her vert det og vist til at dyra på vidda berre nytta ein liten del av det historiske villreinområdet, og at forskarane trur at dette kan ha samanheng med menneskelig ferdsel og aktivitet i området som skremmer og forstyrrer dyra. 

Les og: Vil diskutera endringar

Data frå dei merka dyra gjer og moglegheit til å studera korleis menneske sine aktivitetar påverkar livet til villreinen.

Artikkeltags