Tidleg jaktstart

Runar Johanson på reinsjakt for nokre år sidan.

Runar Johanson på reinsjakt for nokre år sidan. Foto:

Miljødirektoratet meiner det er rett å starta reinsjakta på Hardangervidda 10. august i år.

DEL

Hardangervidda:«Miljødirektoratet må i denne saken vurdere overordna nasjonale hensyn, og avveie disse mot ulempene som påføres lokale villreinbestander. Hensynet til arbeidet mot skrantesjuke tillegges stor vekt, og vi anser det derfor som mest riktig at bukkejakta starter 1. august i Nordfjella villreinområde og nord for riksveg 7 på Hardangervidda, og at den starter 10. august sør for riksveg 7 på Hardangervidda», heiter det i eit skriv frå Miljødirektoratet.

Mattilsynet har mål om at ein i løpet av to år skal kunne seie med 90 prosent tryggleik at det ikkje er skrantesjuka på vidda.

For å nå målet om 90 prosent sikkerheit i 2019 kan ein til dømes fella 1.800 bukkar i år, og dette er grunnlaget for at ein vil endra jakttida for villreinen.

Jakta startar normalt 20. august, men vil i år starta ti dagar før.

Miljødirektoratet fekk svar frå 11 høyringsinstansar, fordelt på privatpersonar, ideelle organisasjonar, fjellstyre og universitet/forskingsinstitusjonar.

Les og: Klage avvist: - Ingen er tent med at vi boikottar eller protesterer i samband med jakta

Åtte av desse støtta endra jakttid, og fem var negative. Sluttdato vert til 22. september for vidda, skriv direktoratet.

Artikkeltags