Hardangerrådet skal ta stilling til strategidokument

8Arkivfoto: Eli Lund

8Arkivfoto: Eli Lund

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag skal ordførarane i Hardangerrådet ta stilling til ei arbeidsgruppe sitt forslag til strategidokument for rådet.

DEL

– Under handsaming av fokusområdet næringsutvikling, lukkast det ikkje for arbeidsgruppa å einast om ordlyd på punktet om styrking av offentlege institusjonar i regionen. Roald Aga Haug gjorde krav om alternativ ordlyd som inkluderer tingretten, heiter det i saksutgreiinga.

Strategidokumentet, som gjeld for fire år om gangen, skal omtale fokusområda for arbeidet i regionrådet på eit overordna nivå.

Med bakgrunn i det, skal regionrådet vedta årlege handlingsplanar som er meir detaljerte.

I saksframlegget frå arbeidsgruppa står det vidare at regionrådet vert beden om å avklare val av ordlyd under delmålet om å styrke offentlege institusjonar i regionen.

Artikkeltags