Mann sikta for grov kvitvasking

I mai vart ein mann dømt for å ha lurt eldre kvinner til å senda pengar. NRK melder at den antekne bakmannen no er arrestert.

DEL

Ein svensk-nigerianske mann er sikta for grov kvitvasking, og vart laurdag varetektsfengsla i fire veker. NRK skriv at politiet meiner at mannen, som skal vera i 40-åra, er ein sentral bakmann i saka der fleire kvinner vart svindla over internett.

– Mesteparten av pengane har gått til utlandet. Ein annan person er òg sikta, men så vidt vi veit er personen i utlandet, forklarte politiadvokat Siv Hamstad Haukelidsæter då saka vart omtalt i mars.

Det var både bankar og kvinner som melde frå om sakene, og ein 27-åringen måtte svara for åtte ulike forhold då han i april møtte i Hardanger tingrett. Denne mannen vart dømt til fengsel i åtte månadar for grov kvitvasking av kring 500.000 kroner.

Mannen i 40-åra vart etterlyst internasjonalt etter at saka vart avdekka, og vart arrestert i København. NRK melder at politiet fryktar at han vil rømma frå Noreg, og øydelegga bevis.

– Det er fleire likskapstrekk mellom historiene damene fortel om mannen dei har hatt kontakt med. Mykje tyder på at det er dei same personane som står bak, men kven det er veit vi ikkje, forklarte Haukelidsæter til Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags