Opplev stor interesse for helgkurs - folk kjem frå både Brasil og USA

Hardangersaum: Nye kurs på Hardanger folkemuseum. Arkivfoto: Mette Bleken

Hardangersaum: Nye kurs på Hardanger folkemuseum. Arkivfoto: Mette Bleken

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Hardanger folkemuseum har hatt suksess med helgekurs i hardangersaum. I september står to nye kurs for døra.

DEL

Kursa passar for alle som likar å sy hardangersaum, anten dei har sydd før eller er ferske, melder museet. Fyrste kurshelga (21.-23. september) har engelsk som kursspråk, medan den andre (28. – 30.) er «på norsk».

Som før, er både omvising, føredrag, besøk i tekstilmagasinet og overnatting på Utne hotell (for dei som treng losji) inkludert. Museet på Utne har Noregs største samling hardangersaum. Nokre av arbeide daterer seg attende til 1700-talet.

Haustens kursdeltakarar får ei spesiell råme om opplæringa, sidan utstillinga «1000 bringklutar» vert ståande. Der er det nok og inspirasjon å henta.

Det er styrar for museet, Agnete B. Sivertsen som er hovudlærar på kursa og som og formidlar historie og tradisjon kring saumen. Interessa for kursa som starta opp i 2012, har vore stor; særleg for haustkursa. Fleire av dei har hatt venteliste. Kursa har hatt deltakarar frå fjern og nær; alt frå lokale til tilreisande frå til dømes Nord-Norge, Brasil og USA.

Både godt vaksne og unge har funne vegen til Utne med ynskje om å perfeksjonera seg i handverket – og læra nokre «triks» i saumteknikken.

Artikkeltags