Hardanger Villfisklag uroa for lakselus på sjøaure

Lakselus: Lakselus på sjøaure tatt i Granvinselva 22. juni. Foto: Hardanger Villfisklag

Lakselus: Lakselus på sjøaure tatt i Granvinselva 22. juni. Foto: Hardanger Villfisklag

Hardangerfjord Villfisklag er uroa over situasjonen for sjøaure i midtre og indre deler av Hardangerfjorden. Måndag sende dei ei uromelding til Mattilsynet.

DEL

– Den store andelen ungfisk som ser ut til å vere råka av massive lakselusangrep denne gongen gjer oss ekstra uroa. Dette er ein uhaldbar situasjon for alt sterkt råka bestandar, seier leiar Sven-Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag i ei pressemelding.

Interesseorganisasjonen for grunneigarlag, jakt- og fiskelag i Hardanger har registrert unormal aktivitet frå sjøaure. Noko dei meiner tyder på svært mykje lakselus i fjorden.

– Vår uro er særleg knytt til at ein stor andel ungfisk no søker tilbake til elvene for avlusing. Dette er fisk som normalt ikkje skal tilbake før til hausten og som no mister ein heil vekstsesong i sjøen. Truleg vil ein stor andel av dei døy av skadane som er påført av lusa, heiter det i brevet.

Artikkeltags