The Telegraph anbefaler biltur i Hardanger

The Telegraph: Anbefalar biltur i Hardanger.

The Telegraph: Anbefalar biltur i Hardanger.

The Telegraph, ei britisk avis, løfter fram Noreg som «the world’s greatest country for driving».

DEL

I ei liste på ni nasjonale turistvegar å køyre i Noreg, ligg Hardanger på tredje plass.

Avisa skildrar Hardanger sine frukthagar, fossefalla og Hardangerfjorden.

Avslutningsvis åtvarar avisa om sommartrafikken i regionen, og anbefaler reisande å legge turen til hausten, under bløminga, eller vinteren for å sjå ei anna side av regionen.

The Telegraph anbefaler vidare å reise gjennom landet med bil, for å oppleve det flotte landskapet.

Dei viser òg til at Noreg er det tryggaste landet i verda å køyre i, med berre to dødsulykker i trafikken per 100 000 innbyggjar i 2019.

«For many, Hardanger is the epitome of the Norway seen on postcards, with its fruit-laden orchards, waterfalls and sweeping pastoral scenes», skriv avisa.

Artikkeltags