Kjøpte og brukte narkotika før han sette seg bak rattet

For eit halvt år sidan var ein mann frå Hardanger i Bergen, og etter ein fest kjøpte han marihuana og kokain. Dette brukte han den same natta, før han dagen etter ville reisa heimover. Han køyrde bil, men vart stoppa av politiet medan han framleis var i Bergen. I Hardanger tingrett tilstod mannen å ha køyrd bil trass i at han var påverka av ulike rusmiddel, som samsvarte ein alkoholpromille over 1,2. Han tilstod og kjøp av narkotika. På bakgrunn av dette er mannen dømt til fengsel i 45 dagar, og får ei bot på 50.000 kroner. Han mistar og førarkortet i to år.