Mistanke om promille etter utforkøyring

Politiet rykka søndag ettermiddag ut til ei trafikkulykke i Eidfjord.

DEL

Ein bil var køyrt ut av vegen på riksveg 7, ein kilometer vest for Eidfjord.

- Det vert oppretta sak, og er mistanke om rus, seier politibetjent Geir Telle ved Hardanger lensmannskontor.

Då politiet kom fram til staden møtte dei ein forlaten bil. Politiet i Bergen fekk kontakt med eigar av bilen på telefon, som bekrefta at det var han som hadde køyrd, og at han var aleine i bilen.

Ambulansen reiste heim til førar av bilen, og tok han med til sjukehuset på Voss.

Artikkeltags