To trailerlass med tømmer i sjøen

DEL

Laurdag fekk politiet melding om at det hadde hamna mykje tømmer i sjøen ved Utne på vestsida av Sørfjorden.

Det var ved Høyviki at tømmeren frå ein tømmerkai hadde falt uti sjøen.

- Det var ei stålstøtte som skal ha svikta, og det gjekk eit par trailerlass med tømmer på sjøen, fortel Øystein Torsnes ved Hardanger lensmannskontor.

Mange krefter vart varsla, mellom andre Kystverket, Havnevesenet og Kystradioen. Kommunen ved Stig Hope bidrog til dette.

Det skal ha vore ein del båtar i sving for å få kontroll på situasjonen, som kunne vere til trøbbel for skipstrafikken.

Artikkeltags