Måtte hentast ned av Røde Kors

Hardanger lensmannskontor fekk tysdag kveld, klokka 22.45, melding frå ein mann som ikkje fann vegen ned frå fjellet.

DEL

Mannen var på Nosi over Lofthus, og Røde Kors rykka ut.

Han var kald og det var blitt mørkt. Røde Kors fann mannen og var nede att i 04-tida.

– Det gjekk bra med mannen, og han trengde ikkje helsetilsyn etterpå, fortel Lina Lysfjord-Storø ved Hardanger lensmannskontor.

Artikkeltags