Norske Fruktdagar på Voss: – Det er godt oppmøte i år

Fruktdagar: Knut Amund Surlien og Jostein Lutro frå produsentorganisasjonane Gartnerhallen og Norgrønt.foto: privat

Fruktdagar: Knut Amund Surlien og Jostein Lutro frå produsentorganisasjonane Gartnerhallen og Norgrønt.foto: privat

Torsdag og fredag vert Norske Fruktdagar arrangert på Voss. Det er eit arrangement for alle innan fruktnæringa.

DEL

Arrangørane bak er NIBIO, Norsk Landbruksrådgiving, ulike fruktlager og bondelag, og representantar frå fruktdistrikta.

– Norske fruktdagar vert arrangert annakvart år, og stort sett på Vestlandet. Det er for alle som driv med frukt på ein eller annan måte, fortel Iren Lunde Sekse, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving.

I år har dei mellom 160 og 170 påmelde til dagane.

– Det er godt oppmøte i år, kommenterer Lunde Sekse.

Under fruktdagane skal det haldast ulike føredrag, ved mellom andre NIBIO, Telefrukt, Grøntutvalet, Bama og Østfoldforskning.

– Også er det eit sosialt aspekt ved arrangementet, med nettverking og middag på kvelden, seier Lunde Sekse.


Artikkeltags