Norske eple i butikkar i desember

Elstar: I år kan ein få norske Elstar-eple i Coop-butikkane i desember, levert av Ullensvang Fruktlaget.Foto: Privat

Elstar: I år kan ein få norske Elstar-eple i Coop-butikkane i desember, levert av Ullensvang Fruktlaget.Foto: Privat

I desember skal Ullensvang Fruktlager SA levera eplesorten Elstar til Coop-butikkane.

DEL

Det betyr at sesongen for norske eple i butikk vert forlenga noko.

«Det vert spennande å sjå korleis kundane reagerer, og me håper at salet går unna», skriv fruktlageret i ei pressemelding.

Tradisjonelt varar eplesesongen frå august til november, eit tidsrom dei norske epla har tollvern. Dei norske epla skal då konkurrera med importeple.

Dette er del av ei satsing saman med Telefrukt, som skal levere eplesorten Rubinstep til Coop i desember.

«Coop kjem til å gjera litt stas på Elstar og Rubinstep ved å marknadsføra sortane særskild i butikk», heiter det i pressemeldinga.

Dersom Elstar slår an i desember, vil Ullensvang Fruktlaget arbeida for å utvikla dette vidare i framtida.

Artikkeltags