Over 24.000 frivillige organisasjonar får i desse dagar til saman 1,4 milliard kroner frå momskompensasjonsordninga. Det er nesten 600 fleire enn i fjor.

– Momskompensasjonsordninga er viktig for dei frivillige organisasjonane slik at dei kan ha søkjelys på den frivillige aktiviteten. I praksis fungerer ordninga som ei grunnstøtte for organisasjonane, sidan dei kan bruka pengane fritt og ikkje må rapportera på bruken. Vi har difor føreslege ein stor auke i ordninga i budsjettet for 2019, seier kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

Frå neste år blir også utrekningsmodellen justert slik at små lag og organisasjonar skal koma betre ut.

(©NPK)