Trafikkulukke i Folgefonntunnelen

DEL

Klokka 09.58 søndag melde Vest politidistrikt om ei ulukke i Folgefonntunnelen.

– Ein bil har fått sleng og treft fjellveggen. Føraren har sjølv varsla naudetatane, som er på veg til staden, skriv politiet på Twitter.

Like over klokka 11 skriv politiet at helsepersonell har sett på føraren av bilen, og at han verkar uskadd.

"Tunnelen er åpen for fri ferdsel. Førerkortbeslag og sak opprettes", heiter det i oppdateringa.

110 Hordaland melde at ulukka har skjedd på Kvinnherad si side av tunnelen.

"Store matrielle skader på bil bilberger på stedet", heiter det vidare i meldinga.

Artikkeltags