– Endeleg kan vi hjelpa alle dei som ikkje er i stand til å oppleva Folgefonna på ein fin dag

Oppmoder unge til å søke: – Vi er på utkikk etter undom over 15 år, med ein tilstand som gjer at dei ikkje klarar å se seg opp til Folgefonna, seier initiativtakar Emil Myhre (t.v.) og Kåre Frøystein, leiar av DNT Odda/Ullensvang.

Oppmoder unge til å søke: – Vi er på utkikk etter undom over 15 år, med ein tilstand som gjer at dei ikkje klarar å se seg opp til Folgefonna, seier initiativtakar Emil Myhre (t.v.) og Kåre Frøystein, leiar av DNT Odda/Ullensvang. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

DNT Odda/Ullensvang planlegg å fly funksjonshemma born og unge til Holmaskjer laurdag 28. april. Dei som ønsker å vera med må søka innan 30. mars.

DEL

Skal fly funksjonshemma born og unge til fjells:Turlaget fekk helikopterløyve av Folgefonna nasjonalparkstyre i januar 2017, men Fylkesmannen klaga på vedtaket før det gjekk til endeleg godkjenning hos Miljøverndepartementet seinare på våren. Dette gav lite rom for planlegging, og arrangementet vart difor utsett til våren 2018.

– Det er sjølvsagt litt avhengig av vêret, men vi håpar å kunna arrangera turen 28. april. Viss ikkje har vi ny moglegheit 12. mai, men snøskuterløyve gjeld berre frå 15. februar til 1. mai, difor er det enklast om turen vert arrangert i løpet av april, seier Kåre Frøystein, nyvald leiar av turlaget.

Han fortel at det er Anne Grethe Thiis Vestrheim som er leiar for Holmaskjer-prosjektet. Med i arrangementskomitéen er også initiativtakar Emil Myhre, som gav 10.000 kroner til prosjektet, pengar han fekk då han vart tildelt kulturprisen for 2015.

– Eg har lenge hatt ein draum om å kunna visa breen og hytta på Holmaskjer til unge som ikkje klarar å ta seg opp dit på eiga hand, uttalar Myhre.

Åtte turar

Han og Frøystein kan opplysa at turlaget er på utkikk etter ungdom over 15 år, med ein tilstand som gjer at dei ikkje klarar å ta seg opp til Folgefonna.

– Det er denne gruppa vi ønsker å komme i kontakt med. Dei som er aktuelle kan søka turlaget på epostadressa odda-ullensvang.turlag@dnt.no, eller på Odda/Ullensvang Turlag, postboks 366, 5751 Odda, seier Myhre og Frøystein.

– Eit viktig poeng er at dei som søker må høyra til Odda kommune eller Ullensvang herad, nedslagsfeltet vårt. Akkurat kor mange og kven vi vil ta med, avheng av søknadane som kjem inn, seier Frøystein og legg til at dei har fått innvilga åtte helikopterturar.

Tilgang på snø er ein annan viktig grunn til at dei ønsker å gjennomføra turen i april.

– Snø gjev enklare tilgang til breen. Dei besøkande må jo sjølvsagt få komme ned på den. Vi vil legga opp til både aktivitetar og å formidla historier om området. Opphaldet skal kjennast som noko meir enn ein tur til Korlevoll, uttalar dei to frå turlaget.

Dei fortel at medlemmer i turlaget vil syta for oppvarma hytte og eit varmt måltid.

– Når det kjem til finansiering, har vi dei 10.000 kronene frå Emil. I tillegg har Lions sagt at de vil støtta oss med både milder og mannskap, seier Frøystein.

– Eg er veldig glad for at vi endeleg kan hjelpa alle dei som ikkje er i stand til å oppleva Folgefonna på ein fin dag, med havet i vest og Vidda med Hardangerjøkulen i øst. Det er viktig å tenke på dei som ikkje er like flinke til å oppleva naturen som mange av oss andre, kommenterer Myhre.

Artikkeltags