Størst fare for ekstrem nedbør på Vestlandet

Sandvin flaum

Sandvin flaum Foto:

Av

Ein ny formel viser risikoen for flaum gjennom å gi ein indikasjon på ekstrem nedbør. På Vestlandet er det størst fare for ekstrem nedbør og flaum.

DEL

Seniorforskar ved Meteorologisk institutt Rasmus Benestad har utvikla ein ny metode for å analysere nedbør. Formelen tek utgangspunkt i talet på nedbørsdøgn, og kan utifrå dette rekne ut faren for periodar med ekstreme nedbørsmengder. Med ekstreme nedbørsmengder kjem òg stor flaumfare.

For å utvikle formelen har Benestad henta vêrdata frå heile verda, og har komme fram til at faren for ekstrem nedbør har auka over heile verda.

– I Noreg er det Vestlandet som har hatt størst auke i talet på regndagar. Derfor er òg faren for ekstrem nedbør større her enn i resten av landet, seier Benestad til NRK.

Vêrdataa er samla på nettsida ocdp.met.no, der ein kan gå inn å sjå på historikken for heimstaden sin.

Det skal vere global oppvarming som har skuld i den auka nedbøren i verda, ifølgje Benestad. Varmen fører til meir fordamping og fukt i atmosfæren, og dette gir fleire regndagar.

Artikkeltags