Norges Bondelag anbefaler føre-var i regulering av laksefiske

Det er mindre laks i mange norske elvar enn vanleg, ifølge Miljøverndepartementet. Både tjuvfiske og lakselus er medverkande årsaker. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Det er mindre laks i mange norske elvar enn vanleg, ifølge Miljøverndepartementet. Både tjuvfiske og lakselus er medverkande årsaker. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Norges Bondelag og Norges Jeger- og Fiskerforbund har saman med fleire organisasjonar sendt brev til klima- og miljøminister Ola Elvestuen med anbefalingar om i større grad å legge føre-var-prinsippet til grunn i reguleringa av laksefisket i kommande reguleringsperiode.

DEL

– Norges Bondelag ønsker ei balansert fordeling i laksefisket mellom sjø og elv, seier Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Norges Bondelag på nettsida deira.

– Det er ikkje eit ønske om å regulere ned sjølaksefisket, seier ho vidare.

Det er saman med Norges Jeger- og Fiskerforbund, Norske Lakseelver, Redd Villaksen, Naturvernforbundet og Norsk Friluftsliv at Bondelaget har sendt brev til klima- og miljøministeren med anbefalingar om å ta høgde for tørkesomrar og laksebestandar som er under oppbygging.

I tørkeperiodar kan det ta lang tid før fisken kjem seg frå fjordane og opp i elvane. Dei kan da bli utsette for ekstra hard fiskepress i sjøen, det vil seie at det blir fiska for mykje av arten. Bondelaget meiner Miljødirektoratet må kunne stoppe laksefisket i periodar der klimatiske forhold gjer laksen utsett for høgt uttak.

Dei peikar òg på at direktoratet må kunne forby fiske i elv eller umiddelbart forby gjenutsetting av fisk i tilfelle der klimatiske forhold tilseier dette, og at laksefisket må bli strengt regulert der laksebestandar er under oppbygging.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken