Måtte flytta festivalen til nabokommunen Jondal

Rosendal Topptur Festival hadde i helga 37 besøkande festivaldeltakarar. Foto: Rolf Christian Mehl.

Rosendal Topptur Festival hadde i helga 37 besøkande festivaldeltakarar. Foto: Rolf Christian Mehl.

Av

Denne helga har Rosendal Topptur Festival gått av stabelen for andre gong i historia.

DEL


Men alt har ikkje gått etter planen for festivalarrangøren Rosendal Event.

Festivalen var nemleg fullbooka for tre månadar sidan, men grunna dårlege snøforhold i fjella, blei deltakinga noko mindre.

– På grunn av at det er lite snø, valde vi å informera festivaldeltakarane på førehand. Vi visste at dei mest spektakulære turane ikkje kom til å vera tilgjengelege. Dermed var det nokre som avbestilte like før. Vi tenkte det var best å gjera det sånn, med tanke på neste års festival og vårt eige renommé, seier Laila Langesæter i Rosendal Event til Kvinnheringen søndag.

Langesæter og Rosendal Event tok derfor med festivaldeltakarane ut av kommunen og til Jondal laurdag.

– Derifrå gjekk turen til toppen av Folgefonna. Det blei sett opp base på rundt 1.500 meter, rett ved grensa til nasjonalparken. Her fekk deltakarane mat og drikke, og vi hadde skihopp-konkurranse. På toppen var det blikstille, det er det ikkje så ofte så høgt oppe, fortel Langesæter, og held fram:

– Helga har vore heilt, heilt magisk. Trass dårlege snøforhold, har vi vore super heldige med vêret.

Etter turen blei nemleg gjestene tekne med tilbake til Rosendal og Turisthotellet for «afterski».

– Stemninga var heilt fantastisk, med rundt 60–70 folk som kunne nyta ei utepils, dansa og kosa seg, fortel Langesæter.

Festivalen blei avslutta med tur til Ingahogg søndag. Alt i alt er Langesæter strålande fornøgd med festivalhelga etter det flotte vårvêret som kom. Éin ting lurer ho likevel på.

– Kvifor er ingen lokale med? Fredag hadde vi skredkurs og toppturkurs. Deltakarane våre er stort sett frå Bergen, Stavanger, Jæren, Oslo og Voss. Det er eit arrangement ope for alle. Vi har kategoriar for nybegynnarar, dei med litt meir erfaring og dei med mest erfaring. Vi har berre lokale guidar og er opptekne av at alle skal kjenna seg velkomne. Vi ønsker å vera ein intim festival og halda det på eit personleg nivå, avsluttar Langesæter.

Song for full hals midt i Skålagato

Denne saka er henta frå avisa Kvinnheringen.

Artikkeltags