Gratis for passasjerar på ferja – med mindre dei tek buss

Kystbussen til Nor-Way Bussekspress tek betalt for ferjeturen, sjølv om ferjebilletten er gratis for passasjerar.

Kystbussen til Nor-Way Bussekspress tek betalt for ferjeturen, sjølv om ferjebilletten er gratis for passasjerar. Foto:

Av

Autopass-ordninga gjer at det er gratis for bilpassasjerar på ferjer i Rogaland og Hordaland, men Nor-Way Bussekspress tek seg likevel betalt.

DEL

Kystbussen til Nor-Way Bussekspress tek betalt for ferjeturen, sjølv om ferjebilletten er gratis for passasjerar, skriv NRK.

Fleire av bussbillettane på strekninga mellom Bergen og Stavanger blir dyrare før ein går på ferja, enn viss ein går på bussen på andre sida av fjorden.

– Det er ei logisk forklaring på prisforskjellen: Innføring av Autopass gjorde taksten vesentleg dyrare for uavhengig om det er to eller tjue passasjerar på bussen. For busspassasjerane som er med på ferja, er ei del av busskostnaden tatt inn i billettprisen, seier produktsjef Svein Helge Hauge i Nor-Way Bussekspress.

Hauge seier det kjem nye prisar frå 1. januar 2020.

Artikkeltags