Over 300.000 skal feriere med pengar dei ikkje har

Ferie: Om du ikkje har råd til ferien, bør du senke ferieambisjonane dine, seier forbrukarøkonomen. Illustrasjonsfoto.

Ferie: Om du ikkje har råd til ferien, bør du senke ferieambisjonane dine, seier forbrukarøkonomen. Illustrasjonsfoto.

Av

Over 300.000 nordmenn har planar om å låne pengar for å få råd til sommarferien i år, og 180.000 har enno ikkje betalt ned ferien frå i fjor.

DEL

– Eg reagerer på at meir enn 300.000 med opne auge vil feriere med pengar dei ikkje har. Det overraskar fordi ferien ikkje kjem overraskande på. Han kjem kvart einaste år, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1.

Ifølgje undersøkinga, som er utført av Respons Analyse for banken, meiner ni av ti at dei ikkje treng å låne pengar til sommarferien i år. Likevel er det 2 prosent som svarer at dei må ta ferien på kreditt eller lånte pengar, medan 6 prosent svarer at dei kanskje må det.

Det betyr at det på landsbasis er 310.000 nordmenn som kanskje eller heilt sikkert tar ferien på kreditt eller lånte pengar. Dette gjeld særleg unge menneske mellom 25 og 34 år, som ofte er i etableringsfasen.

– Vonde økonomiske spiralar

Forbrukarøkonomen meiner det er trist at enkelte vel ein dyrare ferie enn det dei har råd til. Gundersen seier at dei aller fleste betaler tilbake ved forfall, men han meiner det er urovekkande at 31 prosent svarer at dei ikkje veit når pengane blir betalte tilbake.

Det betyr at 100.000 har planar om å ta ferie på kreditt, men utan å legge ein plan for korleis dei skal betale ferien seinare.

– Det er utruleg dumt og er ei haldning ein møter i Luksusfellen. Det å leve og bruke pengar no fordi ein får eit forbrukslån, utan å tenkje på når det skal betalast tilbake, er innleiinga på dei vonde økonomiske spiralane. Då kan ein bruke lang tid på å betale tilbake, og det kan på sikt bli den dyraste ferien du har hatt, seier han.

Ubetalt feriemoro

Det bør blinke eit par raude lys dersom ein innser at ein ikkje klarer å betale ned lånet ein har tatt opp, meiner Gundersen. For sjølv om fleirtalet betaler ved forfall, er det mange som nettopp slit med å betale ned goda og opplevingane i ferien.

Ifølgje undersøkinga er det 180.000 nordmenn som enno ikkje har betalt ned ferien frå i fjor. 47.000 har ikkje oversikt over om ferien er nedbetalt.

Bodskapen frå forbrukarøkonomen er tydeleg til alle som vel ein ferie finansiert med lånte pengar:

– Bodskapen min er å betale raskt tilbake. Når du har betalt tilbake, bør du spare til neste ferie. Du kjem langt med ein liten sum i månaden, i tillegg til feriepengane. Då vil du sleppe å bruke lånte pengar neste år. Og om du ikkje har råd til ferien, bør du senke ferieambisjonane dine.

Artikkeltags