Oppmodar til meir fiske på Vestvidda

Professor: Reidar Borgstrøm ved Litlosvatn.

Professor: Reidar Borgstrøm ved Litlosvatn.

Artikkelen er over 1 år gammel

Professor Reidar Borgstrøm meiner det er viktig at fjellstyra får fleire til å fiska både med garn og stong på Hardangervidda.

DEL

– Ut frå veksttilhøva for aure i vatna rundt Litlos kan vi dra den konklusjonen at årleg tilvekst er sterkt influert av temperaturtilhøva, i tillegg til bestandstettleiken. Dessutan er rekrutteringa til bestandane på Vestvidda sterkt influert av temperatur, med liten eller ingen overleving av årsklassar som er klekka i år med låge sommartemperaturar i dei høgareliggjande vatna, skriv Reidar Borgstrøm årsrapporten for aurebestandar i Ullensvang statsallmenning 2018.

Borgstrøm, som er professor emeritus, er framleis aktiv ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås og har lagt ned mykje arbeid knytt til fiske på Vestvidda.

I den nye rapporten kjem det fram at han meiner det er meir enn nok rekruttar frå dei åra som har hatt høge sommartemperaturar.

Han viser til at det jamt over ser ut til å vera låg beskatning i dei fleste vatna, noko som fører til mykje gamal fisk i bestandane som nærast stagnerer i vekst etter kjønnsmogning.

På bakgrunn av dette konkluderer professoren med at fjellstyra bør oppmoda fleire til fiska med garn og stong, særskild i hovudvatna i Kvennavassdraget og Bjørnavassdraget.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken