Jostein (26) er klar for Dynafit Hardangerjøkulen

Ultraløp: Jostein Børve Hernes.Foto:  B. T. Grønstad

Ultraløp: Jostein Børve Hernes.Foto: B. T. Grønstad

Fleire lokale skal vera med på det første Dynafit Hardangerjøkulen Ultra som laurdag startar ved Vøringsfoss.

DEL

«Start og mål er ved Vøringsfossen og underveis er man innom Rembesdal, Finse, Krækkja og Kjeldebu. Hele veien er man på fine stier, tett oppunder Jøkulen», heiter det i ei pressemelding frå Xtremeidfjord.

Det er første gang det 100 kilometer lange Dynafit Hardangerjøkulen Ultra-løpet vert arrangert.

I pressemeldinga kjem det fram at sjølv om løpet stort sett går på velkjente stiar må deltakarane nytta GPS, for løypa er ikkje er merka.

GPS

– Det kan vera fort gjort å ta feil i eit stikryss, så det gjeld å følga med om ikkje man vil legga inn nokre ekstra kilometer, heiter det i pressemeldinga som opplyser at dei ventar 50 utøvarar frå sju nasjonar til årets løp.

På lista over påmelde deltakarar finn ein mellom anna Jostein Børve Hernes og Arne Bu frå vertskommunen Eidfjord.

I tillegg er Hildegunn Espe og Bjørn Bleie frå Ullensvang påmelde. I løypa kan dei møta folk frå mellom anna England, Spania, Mexico og Tsjekkia.

Arrangøren sjølv har størst forventningar til Hallvard Schjøllberg som vann testløpet i fjor. Då sprang han på rett under 13 timar.

Artikkeltags