Erstattar avling i Ullensvang og Eidfjord

Vatning: Mange fekk vatne-forbod sist sommar. Arkivfoto

Vatning: Mange fekk vatne-forbod sist sommar. Arkivfoto

På landsbasis er det så langt betalt ut over 2 milliardar til turkeramma bønder. Lokalt har bønder i Ullensvang og Eidfjord fått utbetalingar.

DEL

Bønder som produserer fôr for sal eller er avhengig av å produsera fôr til eigne dyr, fekk det tøft sist sommar, då mykje av avlingane svidde vekk i solsteiken.

I heile Hordaland er det registrert 314 erstatningssøknadar til Fylkesmannen.

I Ullensvang er det handsama éin søknad og utbetalt 55.400 kroner i erstatning. I Eidfjord har fire bønder fått til saman 577.500 kroner i erstatning, og i heile fylket er utbetalinga så langt på 24 millionar kroner.

Erstatningsordninga som vert administrert frå landbruksavdelingane hjå Fylkesmannen, har ein eigendel på 30 prosent av normal avling, som altså vert trekt frå og ikkje gjeve erstatning for.

Ei oversikt syner at bøndene på Austlandet vart hardast ramma av turken.

Artikkeltags