Er dette Norges største påskehøne?

I år vart høna 12 meter lang og fem meter høg.

I år vart høna 12 meter lang og fem meter høg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Tradisjonen tru vart det påskehøne hjå familien Bergesen på Maurseth i år også.

DEL

– I tillegg vart det bygd iglo og solskjerm, melder Kjell Bergesen.

Påskehøna vart spesielt stor i år – 12 meter lang og fem meter høg.

– Er det kanskje Norges største? undrar familien.

– Det var fint vêr, god stemning i løypa med mange skituristar og gratis sveler og saft frå påskehøna, skriv Bergesen i ein e-post til HF.

Kva har du gjort i påska? Del dine bilde med oss her, bruk emneknaggen #Hfvinter på Instagram, eller send ein e-post til redaksjon@hardanger-folkeblad.no.

Artikkeltags