Årets utgåve av det tradisjonelle ekstremtriathlonet er nummer 15 i rekka. Løpet startar som vanleg med hopp frå ei ferje og svømming inn til Eidfjord, før deltakarane etter sykling og springing endar opp på Gaustatoppen.

I fjor vann Lars Petter Stormo herreklasse med tida 10.22.37, medan Kari Flottorp Lingsom vann kvinneklassen med tida 12.24.52. Stormo returnerer i år for å forsvare tittelen. Dag Oliver har tru på godt oppmøte langs løypa under årets løp.

Eidfjordingen Bjarne Boge, som i fjor skaffa seg si tiande svarte trøye, deltek også i årets løp. Han er spent på forma framfor årets ritt.

– Eg er ikkje supergodt budd, men eg satsar på å komme gjennom og skaffe meg ei svart trøye til.

Boge har fleire gongar sagt at han skal gi seg, i år er han litt sikrare.

– Eg har sagt det før, så eg er litt usikker på om eg skal tore å seie det i år og, men det blir nok siste gongen. Det har vore veldig kjekt å vere med å sjå at det er mogleg å få det til i vaksen alder og.

Sendningstider:  
04.40-08.00 Start (veksling mellom sykkel og svømming)
08.30-11.30 Hardangervidda, 1:a T2 (sykkel--> springing)
12.30-14.30 Miland + Zombie Hill
15.00-16.30 Målgang vinnere (intervjuer)
17.00- ca.19.00 Fortsatt målgang + oppsummering / avslutning