Turgåar fann tusen år gammal pilspiss i Eidfjord

Av

Ein turgåar fann ein tolv centimeter lang pilspiss i Eidfjord i september. Pilspissen er truleg rundt 1000 år gammal.

DEL

Det skriv Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine.

Ifølgje arkeolog Tore Slinning er det ikkje gjort liknande funn i Hordaland tidlegare. Han meiner pilspissen er om lag 1000 år gammal.

– Dette er eit uvanleg funn og litt av eit lykketreff. Det er som å finne nåla i høystakken. Grunna klimaendringar smeltar fonner og brear, og slike funn kan kome fram. Denne pilspissen ville blitt dekt over av snøen til vinteren om han ikkje vart funnen, seier Slinning i saka på sidene til Fylkeskommunen.

Pilspissen skal no konserverast hjå Universitetsmuseet i Bergen. Dei skal òg datere pilspissen.

Artikkeltags