Seladon kjem attende til Hardanger

Seladon: Tek deg «tilbake til ei svunnen tid». Foto: Arkiv/SK Seladon

Seladon: Tek deg «tilbake til ei svunnen tid». Foto: Arkiv/SK Seladon

Av

Også i år kjem den staselege seglbåten Seladon til Hardanger og Eidfjord

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det melder Destinasjon Eidfjord i eit nyhendebrev.

Denne gongen vert Seladon liggande i Eidfjord i eit døgn. Det er mogleg å vere med Seladon inn Hardangerfjorden, enten berre ein veg, eller begge vegar, og det er plass til ei gruppe på 10-12 personar ombord.

Destinasjon EIdfjord opplyser at ein på denne turen kan ein oppleve ei reise til og frå Indre Hardanger som «hardingar» har segla i uminnelege tider, og få eit innblikk i korleis ei slik reise kunne ha utvikla seg.

«Om bord i fartøyet er ein tilbake til ei svunnen tid, med tjørelukt og seglskuteliv, eller du kan berre nyta turen på fjorden mellom fjella», står det i nyhendebrevet.

Turen går frå Os til Eidfjord 2.-4. juli, og frå Eidfjord til Skånevik frå 5. til 7. juli.

Artikkeltags