100 km/t i Røldalstunnelen

DEL

UP utførte torsdag ettermiddag trafikkontroll i Røldal.

- Det vart skrive ut fire forenkla førelegg og høgaste hastigheit var 100 km/t i Røldalstunnelen, seier Svein Buer ved Hardanger lensmannskontor.

Seinare på kvelden, rundt midnatt, hadde UP promillekontroll i Odda sentrum.

48 førarar vart kontrollerte, og det var ingen utslag.

Det kom òg inn ei melding om eit vogntog som hadde køyrd seg fast på Rv 7, rett nedom Dyranut.

- Det var eit utanlandsk køyretøy som hadde køyrd seg fast. Han kom seg laus til slutt og opp på fjellet, seier Buer.

Han legg til at det har vore ein del slike tilfelle dei siste dagane.

Artikkeltags